Religion er jaggu farlig det. Utan at eg kan legge fram noko empirisk bevis, så trur eg nesten halvparten av alle menneske som har blitt slått ihjel opp gjennom tidene har blitt klaska ned på grunn av religion. Og det var vel ikkje derfor desse bøkene vart skrivne (bibelen og koranen og kva no anna desse fantastane kallar lovbøkene sine).
Sjølv i våre dagar tullar dei rundt og kallar kvarandre for stygge ting så lenge at dei vert skikkelig arge på kvarandre. Då går dei til krig, og sler ihjel halvparten av befolkninga igjen. Jada, eg veit det står i bibelen at ein har lov til å slå ihjel naboane og ta dei som slavar (3.mos 25:44). Og det står sikkert noko liknande i koranen om heilag krig og at vantru skal knallast ned. Men eg synest ikkje vi skal ta dette så bokstavleg. Tenk så mykje betre det hadde vore om alle kunne vere vennar, eller i alle fall late som.
Politimeister Bastian, han skjøna det han! “Du skal ikkje plage andre, men vere snill og grei!” Tenk om fleire folk hadde tenkt som han. Men neida, desse rasgalne folka får halde på og egle til strid. Eit slikt eksempel er denne Målmannen, der ein slengjer rundt seg med vanvittigheiter som at Arbeidarpartiet er eit naziparti. Himmel, hav og helvete! Trygve Bratteli hadde snudd seg i grava hadde han høyrt dette.
Eg såg nett eit program på Discovery Channel der religiøs forvirring vart forklara med ein feil i tinninglappen i hjerna. Denne feilen skal kunne bli forsterka bl.a. ved elektromagnetisk stråling. Eg trur nesten det er ein del folk her og der som burde flytte mikrobølgeomnen litt lenger vekk frå der dei sit og et frokosten sin!
Nei, religiøse folk er farlege, så ver forsiktig så dei ikkje får fingrane sine i deg. Kjem dei nær deg så send dei i retning biblioteket og kryss fingrane for at dei finn fram til Folk Og Røvere I Kardemommeby. At du ein eller annan gong kjem nær ein religiøs fantast er ganske så sikkert.
Ein finn dei overalt, det er mange av dei, og det er kanskje derfor dei ikkje blir sperra inne til dei kjem på betre tankar. Nei, Keisar Nero, han ordna opp han. Nero var han som laga underhaldning på lørdagsmatineen på sirkus av å steina religiøse folk som tulla rundt i gatene i Roma. Omtrent som det står i bibelen at du skal gjere med homofile og bønder som dyrkar gulrot og kålrabi i same åkeren (3.mos 24:10-16).
All denne ihjelslåinga og steininga fører tankane over til Lars Ekborg: “Stockholmsjävlar och mopedister och hottentotter och fruentimmer över 40 og religiøse folk, det är bara och bunta ihop dom och slå ihjel dom alla sammen.”
Arkivert under: Kven i helvete? | Merka som: farlig, krig, religion | Legg att ein kommentar »
