Storberget åpner nye fengselsplasser i Vik – regjeringen.no
Storberget åpner nye fengselsplasser i Vik
Regjeringen er i ferd med å bli kvitt soningskøen. Køen er mer enn halvert siden nyttår, og har sunket fra 2500 til 1097 dommer. Justisminister Knut Storberget åpner i dag nytt fengselsbygg i Vik i Sogn, og gir 10 millioner kroner til nytt skole- og opplæringsbygg.
Ka i helvete slags utdanning rekke vel dei insette å ta på 21 dagar? Truckførarbevis? Datakortet? Dei rekk vel knapt å komme seg gjennom eit vektarkurs så dei kan jobbe med å passe på anna godt folk når dei slepp ut….
Nei, folk som sit i fengsel er dumme. Det er vitenskaplig bevist. Enten er dei dumme fordi dei bryt lova, eller så er dei dumme fordi dei blir tatt. Smarte folk sit ikkje i fengsel. Dei har gode jobbar og masse pengar, og folk med masse pengar kjem ikkje i fengsel. Viss dei då ikkje har blitt dumme fordi dei har masse pengar og blir tatt for det.
Nei, gje heller pengane til ungdom som brukar narkotika, eller til ungdom som ikkje brukar narkotika, slik at dei får masse pengar og dermed unngår å komme i fengsel. Folk som sit i fengsel i Noreg i dag har det alt for godt likevel. Eg har budd på hotell med dårlegare service enn innsette i norske fengsel får i dag.
Dessuten sit ikkje folk i fengsel i Noreg lenger. Dei er ute på permisjon. Eller så har dei rømt til Spania mens dei er ute på permisjon. Fengselsvesenet og kriminalomsorga her i landet har feila. Det er på tide med fleire schäferhundar og lange køller i norske fengsel! Då hadde nok ikkje dumme folk vore så ivrige etter å stille seg i soningskø….
Arkivert under: Ka i helvete? | Merka som: , kriminalitet, kriminalomsorg, soningskø, utdanning